Et kongedømme i kommunen

Her er innlegget mitt om havneuvesenet i Bergen, som på trykk i BT 23. mars – på nynorsk, for dem av dere som foretrekker det:

Bergen havn er den største hindringa for ei samfunnsøkonomisk og demokratisk arealutvikling i den vakraste byen i verda. Bergen havn er dessutan ei trugsmål mot miljøet i byen, noko motviljen mot å bidra i kampen mot giftlokket viste til fulle. Bergen havn er ein «stat i staten» eller meir presist – eit anakronistisk og søkkrikt «kongedømme i kommunen» som kommunen for lengst har gitt opp å styre. I kva grad hamna er psykopat skal eg ikkje ha noka meining om, men eg skjønar godt kvifor Njord V. Svendsen, på glitrande vis, stilte spørsmålet i BT før jul

Uavhengig av diagnosen lever nemleg hamna sitt eige liv som ein frittgående psykopat. Ho forfølger sine eigne snevre målsettingar utan omtanke for andre – som behovet borgarane har for bustader, rekreasjon, leveleg miljø og ikkje-giftig luft. Hamna tenkjer kun på å fylle hamnekassen og hamnekassen kan ein i realiteten berre nytta til endå meir hamn. Situasjonen framstår som absurd når det ein fyller hamnekassen med, er avkastning frå areal som i si tid tilhøyrde borgarane, men no tilhøyrer hamna.

For å vise kor absurd det heile er skal jeg stille nokre retoriske spørsmål: Kan vi tenkje oss at kommunen skulle hatt ansvaret for lufthamna? Og at det skulle skjedd ved at kommunen overførte areala ein hadde behov for til eit kommunalt føretak, som kun gjekk etter målsettinga om flest mogleg flyavgangar og mest mogleg profitt til lufthamnkassen? Og at lufthamnkassen berre kunne nyttast til lufthamnføremål? At areala til lufthamna låg midt i hjarta av byen – la oss seie i Vågen eller på Dokken? At flygingane var ein like stor pest og plage for innbyggarane i sentrum som skipsfarten er i dag? At lufthamna i Bergen konkurrerte med lufthamna i Stavanger, Haugesund og Oslo om flest mogleg flygingar?

Ingen ved sine fulle fem klarer å sjå for seg noko slikt. Ei heller trur eg at forfattarane bak den noverande, eller tidlegare lovar for hamner og farvatn, greidde å sjå for seg den utålelege situasjonen Bergen har hamna i som følgje av den forvaltningsmodellen lova legg opp til. Bergen kommune er no i den situasjonen at ein må slåst om å få kjøpe tilbake sine eigne areal frå hamna til full marknadspris. Absurd er kanskje eit for snilt ord?

No er vi heldigvis der at havne- og farvannsloven er under revidering. Innspelet mitt til den prosessen er at det arbeidet bør starte på nytt. Lova bør erstattast med ei ny, der ein sentraliserer forvaltninga av dei offentlege hamnene i landet i eit statleg føretak. Samstundes bør ein tilbakeføra dei dyrebare hamneareala til kommunane.

Då luftfarten kom til landet, var det ingen historiske bindingar som la føringar på organiseringa av lufthamnene. I tråd med utviklinga av luftfarten og behova i samfunnet har lufthamnene difor endra og flytta på seg – Fornebu er by i dag. Organiseringa av hamnene har derimot vore hemma av historiske føringar som tilsa at ein måtte drive hamnene som mest mogleg sjølvstendige einingar, verna frå klåfingra kommunar, for best å tene skipsfarten og dei den gongen så mektige reiarane.

Havne- og farvannsloven er tufta på eit tankegods frå den tida då seglskutene prega Bergen havn. Den tida er for lengst forbi. No er hamnedrifta prega av forureining, vanskjøtta bygningar, lastebiltrafikk, antiterroristgjerde, forsøpling, støy og overvektige cruisebåtar og cruiseturistar. Dette samstundes som borgarar på veg inn i bustadmarknaden i Bergen må sprengje banken for ein fuglekasse i Fana, mellom anna som følgje av at hamna tviheld på dei mest attraktive byggetomtene i byen.

Ei nasjonal styring av hamnene i landet vil sikre samhandling, demokratisk påverknad, miljø, klima og ei effektiv og samfunnsøkonomisk ressursallokering og drift, noko som òg er til beste for skipsfarten. Tilbakeføring av areala vil snu maktbalansen mellom borgarane og hamnene. Hamnene får i framtida ver så god å leige dei av befolkninga til marknaddspris. Dette vil sjølvsagt fortrenge hamnedrift prega av tungindustri til fordel for moderne, miljøvenleg og samfunnsøkonomisk byutvikling. For inspirasjon: Look to the skies – organiser hamnene slik lufthamnene er organiserte. Namnet har de allereie fått gratis – Havinor.

Bengt Waldow

Advokat

Innlegget er gjendiktet på nynorsk med (mye) bistand fra Berit Rekve i Entusiastisk.no

Et kongedømme i kommunen

En kommentar om “Et kongedømme i kommunen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s